Gutt sitter på huske

Skriving i begynnaropplæringa

Korleis kan ein støtte elevane si tidlege skriving, slik at dei oppdagar det alfabetiske prinsippet samtidig som dei har noko meiningsfullt å skrive om?

Skriving i begynnaropplæringa er ein kompetansepakke som er sett saman av fem økter. Sentralt i denne pakken er å vise kva som kjenneteiknar god skriveopplæring for dei yngste elevane. Det vil også bli vist ulike tilnærmingar til korleis ein kan legge til rette for skriving i ulike fag. Øktene i denne pakken inneheld ei veksling mellom formidling, refleksjonsoppgåver og oppdrag til utprøving i eiget klasserom.

 

Sentrale spørsmål

  • Korleis møte elevane der dei er i si skriveutvikling?
  • Korleis iscenesette ulike skrivesituasjonar?
  • Korleis legge til rette for skriving i ulike fag?

 

Ansvarlig for pakken er Iris Hansson Myran ved Skrivesenteret og Anne Håland ved Lesesenteret.

Korleis støtte tidleg skriving?

Formålet med denne første økta er å få kjennskap til kva som kjenneteiknar elevane si skriveutvikling og korleis ein kan støtte ulike (typar) skrivarar.

5 min

Ulike tilnærmingar til skriving på første trinn

Formålet med denne økta er å få kjennskap til ulike måtar å iscenesette skriving på, i tillegg til å ta bevisste val knytta til kva for tilnærmingar du ønsker å prøve ut.

16 min

Erfaringsdeling: Ulike tilnærmingar til skriving

Formålet med denne økta er at lærarane skal presentere erfaringar med utgangspunkt i den tilnærminga til skriving som dei valde i økt 2.

Å skrive i ulike fag - Kva betyr det i praksis?

Formålet med denne økta er å få kjennskap til kva som kjenneteiknar skriving i ulike fag, slik dette er skissert i Kunnskapsløftet, og å få kjennskap til kva du som lærar kan gjere for å sikre at elevane utviklar seg som skrivarar i faga.

19 min

Erfaringsdeling: Å skrive i ulike fag

Formålet med denne økta er at lærarane skal presentere erfaringar med utgangspunkt i den tilnærminga til skriving som dei valde i økt 4.